Lakseburger til 2:
- 2 laksefilet, delt i to på langs
- 1/2 Mango
- Salatblad
- Agurk
- Tomat
- Salt og pepar
Avokadokrem
- 1 avokado
- 1 fedd kvitlauk
- 1/2 lime, safta
- Creme fraiche
- Salt og pepar
Limerømme
- 3 ss rømme
- Limeskal
- Limesaft
- Salt og pepar
Verdens beste ovnsbakte poteter
- 2 poteter
- 1/2 ts Natron
- Salt
- Pepar
- Chilipulver
- Nøytral olje
Poteter
Ovsbakte poteter vert endå betre om dei kokast først i vatn med litt natron. Dette gjer at potetene vert sprø utanpå og mjuke inni.
- Start med å skrelle og kutte opp potetene i båtar
- Legg potetene i ei panne og fyll i vatn til det akkurat dekkar
- Kok opp potetne, når vatnet kokar ha i natron og skru ned varmen
- La småkoke i 5-10 min
- Hell vatnet av potetene og rist dei litt i panna (dette gjer at dei vert meir sprø i ovnen)
- Hell potetene over i ei ildfastform med nøytral olje, vend godt så potetene vert dekka i olje
- Ha på krydder
- Steik i ovnen på varmluft 210 grader i ca 20-30 min
Avokadokrem
- Bruk ein stavmiksar og bland saman alle ingrediensane
- Sett i kjøleskapet til den skal brukast
Laks
- Del laksefiletane i to på langs
- Steik i steikepanne på middels varme
- Kryddre med salt og pepar
- Server på ciabatta eller anna godt brød med avokadokrem, limerømme, agurk, tomat, salat og mango.