Korleis få perfekt biff? Sous Vide!
Dette er kjempegod helgemat, ikkje er det så vanskelig å få til heller.
Til to personar treng du:
300-400g Entrecôte
Salt og pepper
Sous vide marinade
1 fedd kvitlauk
1,5 ss soyasaus
1,5 ss fiskesaus
0,5 ss worchesthiresaus
0,5 ts (MSG)
Røstipoteter
4 stk poteter
1 løk
1 dl jarlsberg
3 ss smør
Salt og pepper
Tilbehør
Smør med kvitlauk og basilikum
Ein grøn salat
- Bland saman ingrediensane til marinaden og legg biff(ane) i ein lukka pose saman med marinaden i ca. 1 time
- Ta biffen ut av posen med marinade og vakuumpakk den (eventuelt bruk ein ziplock pose)
- Varm opp sous viden til 54 grader, og ha i biffen. La biffen ligge ca 1 time
- Rasp poteter og kutt løk i små bittar
- Bland løk og poteter saman med smelta smør og ost. Smak til med salt og pepper
- Form røstimassen til poteter, bruk gjerne ei form for å få dei til å halde fasongen
- Varm opp ei panne på litt over middels varme med olje og ha i potetene. Steikast i ca 15 min avhengig av kor tjukke dei er.
- Når biffen er ferdig lagar ein steikeskorpe på den ved å steike den kjapt i ei glovarm panne
- Kryddre med salt og pepper
- Server saman med salat, smør og potetene