Til to treng du:
Vårrullar
10 ark vårrullpapir (filodeig)
200g kjøttdeig
1/2 kål
1 liten pk glasnudlar
1 gulrot
1 liten lauk
1 fedd kvitlauk
1/2 ts karrikrydder
1 ts ingefærkrydder
1 ss sweet chili saus
1 ss fiskesaus
1 ss oystersaus
1 ss søt soyasaus (ketjap manis)
1/2 lime, safta
Frisk koriander
salt og pepper
Nøytral olje til steiking
Tilbehør
Ris
Salat
Sweet Chili saus
- Ta filodeiga opp av frysen så denne får tid til å tine.
- Start med å kutte opp alle grønsakene. Kål, løk og gulrot skjærast i tynne strimlar. Bruk gjerne ein potetskreller eller anna for å lage tynne strimlar av gulrota. Knus kvitlauken i ei kvitlaukspresse.
- Kok opp vatn til nudlane. Når vatnet kokar legg ein glasnudlane oppi og tar kjelen av varmen.
- Steik kjøttdeiga kjapt i ei steikepanne, krydre med salt og pepper.
- Når kjøttdeiga har fått farge, ha i dei oppkutta grønsakene, kål, lauk, gulrot og kvitlauk.
- Hell nudlane i eit dørslag og tilsette saman med resten i steikepanna. Klipp gjerne nudlane med ei saks før du har dei i panna så er det lettare å handtere fyllet.
- Tilsett så krydder og sauser.
- Avslutt med eit dryss finhakka koriander.
- Fordel fyllet til dei 10 vårrullpapira.
- Dei ferdigbretta vårrullane fordelast på eit steikebrett, legg vårrullane med bretten ned.
- Pensle alle vårrullane med nøytral olje.
- Steikast i ovnen på 200 grader i ca 15 min, eller til dei er gylne i kantane.
- Kok opp ris etter anvisning på pakken, og kutt opp salat medan vårrullane står i ovnen.