Dette er ei gamal favoritt henta frå mamma si oppskriftsamling. Mektig, men kjempegod kake med smørkrem og sjokolade.
1 1/2 plate kokesjokolade
160 g smør
100 g melis
7 egg
1 ts bakepulver
150 g mjøl
Fyll:
160 g smør
320 g melis
4 dl kremfløyte
1 sjokoladeplate til pynt
- Smelt sjokoladen i vannbad
- Rør saman smør og melis til du har ei lett og lys blanding
- Tilsett sjokolade og eggeplommer
- Sikt inn mjøl og bakepulver
- Stivpisk eggekvitene og vend dei forsiktig inn tilslutt
- Steik kaka ei ei godt smurt rund form (24 cm) , ved 150 grader i ca 50 min. Steiketida er avhengig av omn og størrelse på forma.
- Avkjøl kaka i omnen med døra open
Fyll
- Pisk saman smør og melis til det er ei lett og luftig blanding
- Pisk krem
- Bland forsiktig saman dei to kremane
- Del kaka i tre deler og ha på fyllet mellom laga, på toppen og rundt kaka
- Strø over reven sjokolande