Ein god indisk klassikar som faktisk er ganske lett å få til sjølv.
Marinade:
- Kylling
- 1 dl yoghurt naturell
- 1 fedd kvitlauk
- Litt sitronsaft
- 1 ts revet ingefær
- 3 ss nøytral olje
- 1/2 ts korianderfrø
- 3 ss tandoorikrydder
- Frisk koriander
Saus:
- 1 ts spisskumin
- 1 ts muskatnøtt
- 1/2 ts muskablome
- 1 fedd kvitløk
- 1 ts revet ingefær
- 1/2 ts gurkemeie
- 1 ss tomatpure
- 1/2 boks hermetiske tomater
- 1 dl kremfløyte
- 1 ss lettrømme
- Frisk eller tørka koriander
- Salt og chilikrydder
- 3 ss olje
Raita:
- 2-3 cherrytomater
- 1/5 agurk
- 1 dl rømme
- 1 dl yoghurt naturell
- 1 ts spisskumin
- Frisk eller tørka koriander
- Salt og pepper
Nan (3-4 stk)
- 1 dl yoghurt naturell
- 1 dl vatn
- 1/2 pk tørrgjær
- 1 ss olje
- 1/2 ts salt
- 4-5 dl kveitemjøl
- Topping: smør, kvitlauk og koriander
Tilbehør
- Ris
- Salat
Marinade:
- Bland alle ingrediensane til marinaden i ein bolle med lokk
- Kutt opp kyllingen i jevnstore bitar og ha den oppi marinaden
- La marinere 1 times tid, men helst over natta.
Brød
- Start med å blande alle ingrediensane til nanbrødet og la det elte i ca 10 min. Dekk til med plast og la heve så lenge du har tid ( 30 min-1 time).
- Kjevle ut brøda i passe storleik, stikk litt med ein gaffel for å unngå at dei blir heilt hule inni
- Nan steikast i ovnen på maks temperatur, gjerne med ein pizzastein i 5-10 min. Følg med mot slutten så dei ikkje blir brent
- Når brøda er komt ut av ovnen smør på smelta smør blanda med kvitlauk og koriander
- Legg brøda i eit klede for å halde dei mjuke
Raita:
- Bland yoghurt og rømme, tilsett krydder og bland godt
- Kutt opp tomat og agurk og ha oppi
Saus og kylling:
- Varm opp olje, spisskumin, muskatnøtt og muskatblome i ei panne
- Ha i kvitløk, ingefær, gurkemeie og tomatpure
- Tilsett så hermetiske tomater og la det putre
- Medan sausen putrar settast kyllingen i ovnen ved 225 grader i ca 20 min avhengig av storleiken på bitane. Kok samtidig opp ris
- Når det er 5 min før kyllingen er ferdig kan du gjerne skru på grillelementet slik at den får ei skorpe
- Tilsett samtidig rømme og fløyte i sausen. Smak til med salt og chilikrydder
- Ta kyllingen ut av ovnen og server på fat eller oppi sausen.
- Server med raita, ris, salat og nan