Hamburger med spekeskinke, geitost, fastlavnbolle og heimelaga dressing.
Fastelavnbolle-brød:
- ca 950 g kveitemjøl
- 1/2 pk tørrgjær
- 1/2 ts salt
- 125 g sukker
- 1 ts kardemomme
- 1 egg
- 5 dl vatn
- 150 g mjukt meierismør
- Bland saman alle dei tørre ingrediensane og egget
- Ha i temperert vatn (37 grader)
- Elt i ca 10 min, juster med mel til du har ei smidig deig
- Tilsett smør i terninga, elt til alt smøret er komme inn i deiga
- La heve i ca 1 time, til dobbel storleik
- Rull ut runde bolla, ca 20-24 stk
- La etterheve ca 45 min
- Sett ovnen på 225 grader og pensle bollane lett med egg
- Steik i ovnen i ca 12 min til dei er gylne
Hamburger til 2:
- 300 g god kjøttdeig
- 1/3 egg
- Salt
- Bland saman ingrediensane og form til to burgera
- Steik i ei varm panne, ca 1 min på kvar side
- Kryddre med salt og pepar
- Legg deretter burgerane i sous vide i ca 15 min
Spekeskinke og geitost:
- Geitost
- Spekeskinke
- Skjer skriver med geitost og legg på eit bakepapir
- Legg ei skive med spekeskinke oppå osten
- Steik i ovnen på 225 grader i ca 5 min
- Legg på toppen av den ferdige burgeren
Hamburgerdressing:
- 2 ss lettrømme
- 1 ss majones
- 1 ss ketchup
- 1 ts sriracha chilisaus
- 1 ts sweet chilisaus
- 1 ts oregano
- 1 ts grasløk
- 1/2 paprikakrydder
- Salt, pepar og sitron
Bland saman alle ingrediensane, smak til med salt, pepar og sitronsaft
Potetbåtar:
- 4 middels store poteter
- 1 ss olje
- Krydder
- Skjer potetene i båtar (fjern skalet om dei har tjukt skal)
- Ha potetbåtane i ein pose og hell over ca 1 ss olje
- Ha over krydder, til dømes salt, pepar, grillkrydder og basilikum, og rist godt
- Legg potetene utover eit steikebrett med bakepapir
- Steik i ovnen på 225 grader i ca 30-40 min avhengig av storleik
- Server saman med hamburgeren og litt frisk salat