Wok med tynne biffstrimlar av mørbrad - kjapt, godt og enkelt!
Denne oppskrifta er henta frå godt.no, men har her gjort nokon endringar.
Til to treng du:
Marinade:
- ca 300 g mørbrad (eller anna mørt kjøt)
- 1 ss soyasaus
- 1 ss maisenna
- 1 ss oystersaus
- 1 ts Nykverna pepar
I woken:
- 1 fedd kvitlauk
- 1 ts strimla ingefær
- 2 ss søt soyasaus (ketjap manis)
- Ca 50 g nudlar (gjerne kveite)
- 125 g aspargesbønner
- 50 g sukkererter
- 1 gulrot i strimlar
- Sesamfrø
- Frisk koriander
- Olje til steiking
- Skjær kjøtet i løvtynne strimlar
- Bland vanleg soyasaus, oystersaus, maisenna og pepar.
- Ha kjøtet opp i marinaden og la stå medan du gjer klar grønsakene
- Skyll asparegesbønner og sukkererter
- Skrell og strimle gulrota
- Kok opp vatn og la nudlane trekke som angitt på pakken
- Varm opp ei stor panne eller ei wokpanne med olje
- Steik kjøtet raskt på høg varme (gjerne i to omgangar)
- Legg kjøtet til side og steik grønsakene i litt olje
- Ha nudlane i eit dørslag og la renne av
- Ha nudlane og kjøtet opp i panna saman med grønsakene
- Bland inn søt soyasaus og smak til med salt og peper
- Server toppa med frisk koriander