Andebryst med asiatiske smakar.
Til to treng du:
- Ca 300g andebryst
- 1 cm ingefær
- 1 fedd kvitlauk
- 1/2 raud chili
- 1/2-1 ss honning
- 1 ss soyasaus
- 2 ss søt soyasaus
- 1/2 ss soyaolje
- Sukker
- Limesaft
- Korianderstilkar
- Frisk koriander
- Salt og pepar
Appelsinsaus
- 2 appelsiner (juice)
- 1/4 appelsinskal
- 2 ts honning
- Steikesjy frå anda
Mango og plommesalat
- 1 mango
- 2 plommer
- 1/5 agurk
- 1/4 raudløk
- Frisk koriander
- Limesaft
- Honning
- God olivenolje
Andebryst
- Varm opp eit vannbad med sous vide til 57,5 grader
- Skjer eit rutemønster i fettet på anda
- Kryddre med salt og pepar
- Vakuumpakk andebrystet og legg i vannbadet i ca 1,5 timar (ta vare på veska i posen)
- Når anda er ferdig varm opp ei panne på høg varme og steik til fettet er blitt sprøtt, steik så 1 lite minutt på andre sida.
Appelsinsaus
- Press appelsiner
- Varm opp appelsinsaft og skal saman med honning i ei panne
- Kok til sausen tjuknar litt
- Ha i sjy frå sous vide posen, smak til med honning
Tilbehør
- Miks saman soyaolje, soyasausar, lime, sukker og honning
- Kutt opp chili, kvitlauk og ingefær samt nokon korianderstilkar og bland inn i sausen
- Kutt opp ingrediensane til salaten og bland saman
- Bland saman honning, lime og olje, og ha over salaten
- Topp anda med soyablandinga, samt litt frisk koriander
- Serverast saman med mango-plommesalaten og ris